Om prosjektet

Husnes Brygge er planlagt med inntil 70 leilegheiter.

Prosjektet vert oppført i fleire sals- og byggetrinn.

Byggetrinn 1 er planlagt med 21 leilegheiter i 4 plan.

Utbyggar og seljar er Husnes Brygge AS, org. Nr. 926 305 417

 

Angjeve areal på planteikningar er basert på førebelse berekningar før detaljprosjektering. Seljar tar atterhald om at det kan bli gjort omdisponeringar av areal internt i leilegheit. Sjakter og røyrføringar er ikkje endeleg teikna og nedkassingar/foringar i himling vil kunne førekomme.

 

ADRESSA TIL EIGENDOMMEN

Byggetrinn 1 ligg på gnr. 144 bnr. 195 og 55 i Kvinnherad.

Kommunen tildeler adresse på eit seinare tidspunkt.

 

EIGARFORM

Sjølveigar/sameige

 

BYGGEMÅTE

Bygget vert oppført etter teknisk forskrift 17 (TEK17)

Etasjeskilje og veggskilje vert utført i betong/betongelement.

Bæring av stålsøyler i gavl. Enkeltsøyler i husværa i 4. etasje.

Yttervegger vert levert i hovudsak med bindingsverk i tre, kledd med trekledning og fasadeplater.

Terrassedekke vert levert med terrassebord. Utvendig terrasserekkverk i glas.

 

STANDARD

Innvendig i leilegheitene blir det gjennomgåande god standard med tidsriktig materialvalg.

Kjøken vert levert frå Sigdal med fronter type Sand eller tilsvarande frå andre anerkjende kjøkkenleverandørar.

Integrerte kvitevarer og komfyrvakt er inkludert i leveransen.

Baderom i moderne utførelse med fliser på golv og vegger.  Vegghengt toalett og

baderomsseksjon på 100cm med skuffer og spegl.

Leilegheitene vert levert med lys trestavs eikeparkett, samt lyse veggar og tak.

Det legges fliser på golv ved inngangsdør.

Store vindaugsflater som gjev mykje naturleg lys og vid utsikt.

Det leveres slette kvite lister rundt innvendige dører og utgangsdør. Det leveres listefrie vindauge og terrassedør, samt listefri overgang mellom vegg og tak.

ENERGIEFFEKTIV OPPVARMING

Stove/kjøkken blir levert med vannboren varme i golv.

Våtrom blir levert med vannboren varme eller varmekablar i golv.

Vannboren varme frå felles varmepumpe.

 

VENTILASJON

Det leverast balansert ventilasjonanlegg. Aggregat plasserast i vaskerom/bod.

 

ELEKTRIKERARBEID

Leilegheitene leverast med forskriftsmessige antall elektriske punkt og eige sikringsskap.

Belysning skal være av type LED.

I 18 leilegheiter vert det montert 6 stk innfelte LED spot i sove/kjøken.

I 3 leilegheiter vert det montert 6 stk innfelte LED spot i sove/kjøken. (4. etg.)

Det vert framlagt fiber til alle leilegheitene.

 

BRANNSIKRING

Det vil bli installert bustadsprinkling i alle leilegheitene.

Det vil bli montert automatisk brannalarmanlegg for bygget.

 

ENERGIMERKING

Leilegheitene vil få energikarakter A eller B.

 

UTVENDIG AREAL

Utvendig areal vert opparbeidd med trebrygge, asfaltert veg, parkering, og grøntareal. Seljar tar atterhald om detaljendring i samband med utomhusplan/situasjonsplan. Eventuelle detaljendringar vil ikkje verta varsla kjøparane.

PARKERING/CARPORT

Inkludert i kjøpesum fylgjer ein parkeringsplass tilrettelagd for EL bil lader pr. leilegheit.

Det er mogleg å kjøpe ein carport pr. leilegheit.

Biloppstillingsplassane eventuell carport blir tinglyst som tilleggsdel i den enkelte seksjon.

 

UTVENDIG BOD ca 5 m2

Inkludert i kjøpesum følgjer ei bod som er plassert i forbindelse med parkeringsplass/carport.

Bod blir tinglyst som tilleggsdel i den enkelte seksjon.

 

BÅTPLASSAR

Det vil vere mogleg å kjøpe båtplass. Det vert etablert ca 28 båtplassar i 3 ulike storleikar.

 

SYKKELPARKERING

Det vil bli avsatt areal til sykkelparkering

 

TILVAL/ENDRINGAR

Tilval og endringar vert prisa og avtala i etterkant av kjøp/signert kontrakt. Tilval skal avtalast særskild mellom seljar og kjøpar i eigen endringskontrakt.

 

VIKTIG INFORMASJON

Salsprospekt og beskriving er utarbeida for å orientere om prosjektet sine generelle bestanddelar, funksjonar og planlagt organisering, og er såleis ikkje ei komplett beskriving av leveransen.

Det vert vist til salsteikningar og kjøpekontrakt med vedlegg.

Merk at det vil førekome avvik mellom foto-illustrasjonar av fasadar/interiør og faktisk levert prosjekt.

 

ATTERHALD FRÅ SELJAR

Seljar tar atterhald om endeleg offentleg godkjenning av prosjektet, herunder ramme- og igangsettingsløyve, tilstrekkeleg førehands-sal, og at finansieringsvilkår er oppfylt.  

BETALINGSFØRESETNADER

Innan 2 veker etter signering av kjøpekontrakt har funne stad, skal 5% av kjøpesummen vera innbetalt til klientkonto som forskot. Resten av kjøpesummen og omkostningar forfell til betaling ved overtaking. Det vert gjort merksam på at seljar stiller garanti etter §12 i bustadoppføringslova når atterhald om minimums-sal er oppnådd, byggelån er opna og byggearbeid er sett i gang.

 

FERDIGSTILLING

Byggeprosessen er berekna til å ta ca. 16 -18 månadar pluss tid til detaljprosjektering, offentleg godkjenning og søknad om igangsetting. Antatt ferdigstilling for prosjektet vil vera i tidsrommet vinter 2022 – vår 2023. Det vert presisert at antatt tid for bygging av bustaden mm. og antatt ferdigstilling er basert på eit førebels estimat og at tidspunktet bl.a. vil vera avhengig av kommunal behandling, oppstartstidspunkt for bygging, samt framdrifta i prosjektet og byggearbeidet. Tida er difor ikkje bindande.

Kjøpar vil innan 31.12.21 motta melding frå utbyggar om eventuell avgjerd om igangsetting. Sjå for øvrig punkt om atterhald frå seljar.

 

SALSTART/BODGJEVING 

Salgstart blir 8 juni kl 0900. 

 

Det har vore fleire interessentar på leileghet B1-201 og B1-301. Dersom det kjem inn andre bod på ein av desse to leilegheitane i løpet av 08. juni, vert det arrangert ein bodrunde mellom bodgjevarane. Det er ikkje anledning til å gje bod med kortare tidsfrist enn 2 timar. Dette for at alle interessenter skal få tilstrekkeleg tid til å vurdera andre bod. Det kan være lurt å gje bod på prioritet 2 og eventuelt prioritet 3 dersom ein ikkje når opp i bodrunden, eller om leiligheten ein gjer bod på er seld før seljar mottar kjøpstilbod.

 

Husnes 28.05.2021